Byggestart vedtatt for Turnhalltoppen.
Nytt boligprosjekt på Stord.
12 leiligheiter allereie solgt!
Prosjektet
Ein livslang reise har ført deg hit – til augneblinken der du kan omfamna ein ny fase i livet. For deg som har sett hjarte og sjel i heimen din, veit me at overgangen til ein ny livsstil er meir enn berre fysiske endringar. No tilbyr me eit nytt boligprosjekt på Stord, der 25 moderne leilegheiter er klare for eigarane sine. Turnhalltoppen representerer ikkje berre ein ny bustad, men ein ny byrjing – moglegheita til å starta det enkle livet utan kompromissar.
Arkitekten sine tankar
“Noko av det som er unikt med Turnhalltoppen er at det finst 21 ulike leilegheitstypar. Det er tre leilegheitstypar på baksida, medan alle leilegheitene som vender mot sjøen er unike både i storleik og form.”
Kvalitetar
Frå pennen til arkitekten til din heim. Leilegheitene, som spenner frå 47 m² til 135 m², er gjennomtenkte ned til kvar minste detalj. Kjøkkeninnreiinga og kvitevarene blir levert av Aubo, som sikrar høg kvalitet og stilreine linjer. Leilegheitene er moderne utforma med flislagde bad og varmekablar i golv. Elles er det 3-stavs eikeparkett frå Boen i opphaldsromma, med vassboren varme. Nokre leilegheiter har etasjehøgd på 2,4 m. medan andre har 2,6 m. etasjehøgd. Dette gir eit lyst og triveleg bumiljø som opnar for kreative designløysingar. Kvar leilegheit tilbyr ein eigen balkong eller terrasse kor du kan nyta utsikta over sjø eller nærliggjande natur.
Fasilitetar
Med tilgang til eit stort fellesrom kan du halde deg aktiv og sunn, medan gjesterom med bad kan gje venner og familie eit behageleg opphald når dei kjem på besøk.
Burettslag, finansiering & IN-ordning
Turnhalltoppen er organisert som eit burettslag med 25 andelar gjennom Vestbo. Som bustadkjøpar blir du òg andelseigar i burettslaget med eksklusiv rett til å bruke di leilegheit, tilhøyrande parkeringsplass og din andel av fellesareala som høyrer til.
IN-ordninga som burettslaget skal etablere, gir andelseigarane fleksibiliteten til å betale ned heile eller delar av sin andel av fellesgjelda.
For nedbetalingslånet vil utgangspunktet vere eit lån som utgjer 70 % av total omsetningsverdi. Lånet vil ha ei nedbetalingstid på totalt 40 år, der dei første 10 åra er avdragsfrie.
Salsprospekt & prisliste
I salsprospektet får du meir utdjupande informasjon om prosjektet, kva som ligg i nærleiken av Turnhalltoppen, leveransebeskriving og mykje meir!