Dronebilde over Stord som inkluderer Turnhalltoppen tomt.

Visning på tomta torsdag 5. september frå kl. 15.00 til 17.00

Nyheitsbrev sendt 30.08.24

Me planlegg visning på tomta torsdag 5. september frå kl. 15.00 til 17.00, og me vil gjerne møte deg der. Me kan hjelpe deg med å forklare planløysingar og val av leilegheit. På tomta kan me også gi meir informasjon om sol- og utsiktsforhold, og me kan forklare korleis bustadslaget vil fungere.

Treng du hjelp til å sette opp eit personleg budsjett, eller ønskjer du å vite kva det vil koste å bu i Turnhalltoppen? Me er tilgjengelige på tomta for å svare på spørsmål, så stikk innom då vel! 

Dronefoto av bygg og hav ved Stord.

Me er stolte over å kunne fortelje at interessa for Turnhalltoppen har vore veldig bra. Allereie no har me selt 11 bustadar, noko som viser at mange ynskjer å vere ein del av dette flotte og moderne bustadprosjektet.

Dei beste leilegheitene går unna raskt, så dersom du vurderer å sikre deg ein bustad her, må du vere kjapp. Bygginga startar snart, og det gjev deg framleis moglegheita til å påverke materialval og innreiing. Dette er ein unik sjanse til å sette ditt eige preg på din nye heim.

Dronefoto av Stord med Turnhalltoppen illustrasjon inkludert.

No startar snart bygginga!

Turnhallen er rive og tomta er jamna med jorda. Dette markerer eit viktig steg i utviklinga av Turnhalltoppen, og snart byrjar sjølve bygginga av dei nye, flotte leilegheitene. Med dette tar prosjektet eit stort steg mot å bli den heimeløysinga som mange har venta på. 

Me gler oss verkeleg til hausten, då mykje spanande er på gong. Følg med vidare for oppdateringar – det skjer mykje i Turnhalltoppen framover. Dette vil du ikkje gå glipp av! 

Scroll to Top