Bygginga av Turnhalltoppen startar snart!

Nyheitsbrev sendt 7.10.24

Me har gleda av å informere om at bygginga av Turnhalltoppen nærmar seg med stormskritt. Engelsen Entreprenør AS er klare til å starte arbeidet så snart igangsettingstillatelsen frå kommunen er på plass. Dette markerer eit viktig steg for Turnhalltoppen, som vil tilføre Stord 25 flotte og moderne leilegheiter med fantastisk utsikt og kort avstand til sentrale fasilitetar.

Salssjef Bjørn Øyvind Jørgensen frå Ing. Jørgensen seier:
“Me har jobba med detta prosjektet lenge, og no gler me oss verkeleg
til å endeleg setja i gong bygginga.”

Bygginga av Turnhalltoppen startar snart!

Me vil invitera deg til opninga av vårt nyoppussa visningsstudio for Turnhalltoppen! Her vil du få eit godt innblikk om korleis leilegheitene vil bli. I visningsstudioet kan du sjå ulike flis- og fargealternativ, samt gulv, kjøkken og garderobeløysingar. Me har også innreidd eit bad med standardløysingar, slik at du kan få ei realistisk oppleving av det ferdige resultatet.

For å gjere besøket ekstra triveleg, serverer me suppe med focaccia og anna digg snacks. Me ser fram til å møte deg!

Opning av visningsstudio:
Dato: Torsdag 10. oktober
Tid: 15:00–17:00
Stad: Turnhalltoppen visningsstudio, Borggata 57

Kom innom for ein smakfull og inspirerande oppleving – me er her for å hjelpe deg med alt du lurer på om Turnhalltoppen!

Scroll to Top