Leif Helge og Bjørn Øyvind står utenfor visningsstudioet.

Velkomen til open dag 24. september kl. 15-18

Nyheitsbrev sendt 17.09.25

Har du lyst til å sjå nærare på ditt mogleg framtidige heim i Leirvik? Onsdag 24. september kl. 15–18 opnar me dørene til Turnhalltoppen.

På open dag får du oppleva prosjektet på nært hald, både på byggeplassen og oppe i bygget der den flotte utsikta ventar. Utbyggjar er til stades for å svare på spørsmåla dine, dele ut salsprospekt og skape ein triveleg ettermiddag med godt bakverk og hyggeleg prat.

Tryggleik frå start til slutt

Når du kjøper bustad på Turnhalltoppen kan du kjenna deg heilt trygg. Alle kontraktar inneheld byggherregaranti som sikrar at prosjektet blir gjennomført. Bak står ein solid eigar med sterk kapital, så her er det ikkje fare for store problem.

Kransalaget er gjennomført, og byggeprosessen går etter planen. No er det siste sjanse for deg til å kjøpe til fast pris før prisane aukar med 3 % frå 1. oktober.

No er det òg siste sjanse til å vere med i tilvalsprosessen, kor du kan velja fargar på overflater og noko utstyr.

Set av datoen, kom innom og ta ein prat med oss, me gler oss til å møta deg!

Dato: onsdag 24. september
Tid: 15.00 til 18.00
Stad: Visningsstudio i Borggata 57 og Turnhalltoppen i Borggata 56

Scroll to Top