Leif Helge og Bjørn Øyvind står utenfor visningsstudioet.

Velkomen til open dag 15. mai kl. 15-18

Nyheitsbrev sendt 08.05.25

Me er glade for å kunne invitere deg til open dag her på Turnhalltoppen. Dette er ein unik moglegheit til å sjå nærare på området der din framtidige heim kan stå!

Visninga vil gå føre seg både i visningsstudioet og på sjølve byggeplassen, slik at du får ei best mogleg oppleving. Under visninga deler me ut salsprospekt, og du får bli med opp i 4. og 5. etasje for å sjå den flotte utsikta frå dei kommande bustadene.

Byggeprosessen er godt i gang og følgjer framdriftsplanen, noko som gjer dette til eit gunstig tidspunkt å sikre seg bustad. No kan du framleis kjøpe til fast pris, før ein prisstiging kjem seinare i prosessen.

Det blir servert mat, og me legg opp til nokre trivelege timar med nyttig informasjon og hyggeleg stemning. Du får moglegheit til å stille spørsmål, slå av ein prat og bli betre kjend med prosjektet. Me gler oss til å treffa deg!

Dato: torsdag 15. mai
Tid: 15.00 til 18.00
Stad: Visningsstudio i Borggata 57 og Turnhalltoppen i Borggata 56

Scroll to Top