Framgang på Turnhalltoppen – tilvalsmoglegheiter ventar!
Nyheitsbrev sendt 12.24
Det er god framdrift i arbeidene på Turnhalltoppen, og me gler oss over å sjå bygget ta form. Her er siste nytt – både praktisk informasjon og inspirasjon for tilval.
Tilvalsprosessen startar januar 2025
Snart kan du starte på kanskje den kjekkaste delen av prosessen – nemleg tilval! Mange val kan takast for å skape draumeheimen! Start allereie no med å tenkje på korleis du vil ha leilegheita, for i midten av januar blir du innkalla til møte med Leif Helge Østebø, og du kan byrja med dine val og bestemme deg for eventuelle tilval. Tilvalsfasen er beregna å gå fram til påsken 2025.
Snefrid frå Montér står klar til å hjelpe deg gjennom tilvalsprosessen. Du har sjølvfølgeleg full kreativ friheit til å laga di draumeheim! Enten du ønskjer å gå for eit anna kjøkken enn det som er standard, eller om garderobeløysinga må tilpassast.
“Eg er veldig glad for å sjå at naturlege og jordfargar er ein aukande trend. Det skapar eit varmt og roleg heim”, fortel Snefrid. Kanskje dette inspirerer deg i val av fargar og materiale?
Ønskjer du til dømes eit spesifikt golv i leilegheita, har gjengen på Montér fleire spanande alternativ å velje mellom.
Berre sjå her:
Ikkje vent for lenge!
Det er framleis mange attraktive leilegheiter igjen på Turnhalltoppen, men fristen for å gjere tilpassingar blir kortare jo lengre du ventar med å bestemme deg. Ta kontakt med Bjørn Øyvind for å finne ut kva som passar dine behov. Han er tilgjengeleg kvar torsdag på Turnhalltoppen, men kan også møte deg på eit tidspunkt som passar deg best.
Salsansvarleg: Bjørn Øyvind Jørgensen
+47 466 32 733
bjoern@ingjorgens.no
God jul og godt nytt år
Me ønskjer deg lykke til med tilvala! Samstundes ser me fram til eit nytt og spanande år! Takk for at du har valt Turnhalltoppen som di framtidige heim.
Me gler oss til å sjå desse flotte bustadane ta form i 2025!
Med beste helsing,
heile teamet i Turnhalltoppen